A Norwegian Language Village

SEARCH:

Det stig av hav

Det stig av hav eit alveland
med tind og mo;
det kviler klårt mot himmelrand
i kveldblå ro.

Eg såg det tidt som sveipt i eim
bak havdis grå;
det er ein huld, ein heilagheim
me ei kan nå.